Nr 2 Elvadalen (TiTURmål 2005)

Nr 2 Elvadalen (TiTURmål 2005)

- eigna for barnevogn og rørlsehemma

Sjølv om ho er ganske godt gøymt mellom skog og kratt utgjer Øyraelva eit av dei mest framtredande landskapselementa i bygda vår. Ilag med Rotsethornet, Rotevatnet, Voldsfjorden og Øyralandet har desse elementa gjennom alle generasjonar utgjort den lokale “leikegrinda” for innbyggarane og sett rammene for aktivitet og utvikling.

x Elvadalen, 1gangsti 03Elvadalen mellom Rotevatnet og Volda sentrum har sidan byrjinga av 1800-talet spela ei sentral rolle for framveksten av det moderne samfunnet og har - sett på bakgrunn av mangfaldet av aktivitetar særleg knytt til utnytting av vasskrafta - stått sentralt i “industrialiseringa” av bygda vår. Ein vil òg lett kunne tenkje seg at elva og vassdraget har hatt betydning for bureisninga i området heilt frå den første tida her fanns folk.

Landskap og natur utgjer i så måte ein betydningsfull påverknad og det vert ein del av befolkninga sitt erfarings-materiale og “ballast” - lagra i det umedvitne. Spør vi ein sentrumsvolding i ”utlendigheit” om kvar i verda han kjem ifrå vil det truleg i svaret ligge ein sterk assosiasjon til nett desse ytre rammene som Rotsethornet, fjorden, vatnet og elva, men sjølvsagt og folket, veret (klimaet), språket, kulturen osb. 

Elvadalen har frå gamalt av - forutan å vere ein ynda tilhaldsstad for t.d. sportsfiskarar og leikande born- vore nytta til husdyrbeite. Som historiske viktige hendingar i området er det naturleg å trekke fram året 1908, tidspunktet for då den første elektriske lampa vart tend i bygda. Då sto kraftverket til Rasmus Sivertsen Halkjelsvik ferdig, eit kraftverk som altså nytta seg av vatnet i frå Øyraelva. Halkjelsvik trengde kraft til eit fargeri som han dreiv i området der dei gamle støyperibygningane ligg i dag. Overskotet av kraft selde han til andre verksemder og til privatpersonar i området.

Seinare vart det etablert fleire karftverk ved elva. Volda kommune bygde eit som låg like ved prestegardstunet med inntaksdammen like ved der ein finn Møre Konfeksjon Volda AS sitt bygg i dag.
I 1935 bygde Ragnar Aarflot eit kraftverk oppe ved Mylnefallet som Volda sogelag no har bygd opp att.
Eit anna framtredande innslag langs elvekanten var eit stort antal kvernhus.
Dei fleste gardane i Volda hadde kvernhus ved elva som vart nytta til maling av korn, i hovudsak havre til graut og flatbrød.

I 1904 vart det starta opp eit metallstøyperi ved Øyraelva. Her vart det produsert jarnomnar, komfyrar, vaffeljarn og gorojarn. Verksemnda fekk eit kraftig oppsving etter bybrannen i Ålesund. Da krigen kom vart det slutt på produksjon av omnar og ein gjekk over på produksjon av maskindelar til båtmotorar levert til Volda Motorfabrikk. 


Andre aktivitetar som frå gamalt av var knytt til elva er: guanomylne, tautvinningsverkstad, sagbruk, ullspinneri, meieri, møbelfabrikk, motorfabrikk m/ smie. Elvadalen og Øyraelva har fått si renesanse dei seinaste 15 åra. Sidan 1989 har Volda kommune i samarbeid med fleire lag og organisasjonar og med økonomisk støtte frå Miljøstyresmaktene brukt ressursar på å legge til rette for ferdsel og bruk av området. Det er t.d. bygd turstiar, gangbruer, restaurert sagbruk og kraftverk, i tillegg til rydding av attgrodde kulturminne. Sjølv om mykje enno kan gjerast framstår området idag som ein kombinasjon av eit tilrettelagt friluftsområdet og eit museumsområde, der mange spor etter eldre tiders verksemd framleis kan sjåast. 

Det kan seiast mykje om personane og aktivitetane i området, men først og framst fortel historia frå kvardagen ved Øyraelva oss om korleis einskildpersonar og grupper av befolkninga med hardt arbeid og vilje til framsteg med enkle midlar kunne skape produktive aktivitetar som gjorde levekåra betre for mange. Området i Elvadalen har på ein slik bakgrunn stor verdi som “historiebok” for nolevande og komande generasjonar. 

- Torgeir Stensø