Nr 9 Haraldssetra (TiTURmål 2005)

Nr 9 Haraldssetra (TiTURmål 2005)

Sætra ligg i ein kop 477 meter over havet, og sela ligg ved eit idyllisk vatn.

Den tid sætra var i bruk, hadde dei vitjarhelg der oppe ein gong kvar sommar. Då kom folk frå bygda og møttest til ein festdag i fjellet. No er det nok korkje geiter eller kyr. Men ein festdag i fjellet kan det verte likevel. Ta med niste, kom og vert med. Du kan stanse på sætra og hygge deg der. Eller du kan velje fleire ruter vidare, og ingen av rutene er vanskelege. Felles for dei er at ein går på austsida av vatnet innover dalen, og opp på Bosseskaret. Stien her er merka. Ein litt bratt kneik opp på skaret.

1. Overgang til Eidssætra. Fin tur i bra lett terreng. På Bosseskaret er ein nær øvste punktet. Stien passerer to små tjørn. Han er merka, men ikkje heilt til å stole på. Nedturen frå Eidssætra mot Kalvatn er bratt, men med kjentmann går det greitt.


2. Skaphornet (857 m.o.h) Frå Bosseskaret svingar ein litt mot vest til toppen, der det er fin utsikt over Austefjorden og Kalvatn.


3. Skredefjellet (807 m.o.h) ligg like under Sundalsnipa, men er lite besøkt. Frå Bosseskaret går du sørover i lett stigning mot toppen. Lite markert topp, nærast eit platå med god utsikt over bygdene ikring.

Velkomen til tur i Austefjordfjell.

Ail