Fotodag i Voldabadet

Fotodag i Voldabadet

Bassenga er fylt med vatn og bygget nærmar seg klart for overtaking 27. november. I dag har det vore fotodag.

Det er mykje som må på plass før Voldabadet kan opne dørene for badeglade gjestar.  

Alt frå driftsrutinar på bygg og basseng, billettsystem, nettsider og kanalar i sosiale medium. 

I dag, fredag 25. oktober, har Oclin og fotograf Marius Beck Dahle vore og tatt bilete og film av Voldabadet.

Martin Giskegjerde og Kristina Juul Jørgensen frå Oclin, saman med fotograf  Marius Beck Dahle - Klikk for stort bileteMartin Giskegjerde, Kristina Juul Jørgensen og Marius Beck Dahle Volda kommune

 

Fargeglade ballongar gir ein fin effekt. Volda kommune

 

Stort treningsbasseng - Klikk for stort bileteDet store treningsbassenget Volda kommune

 

Grunna på det store treningsbassenget er 1,3 meter djupt - Klikk for stort bileteGrunna på det store treningsbassenget er 1,3 meter djupt. Volda kommune

 

Barnebasseng med sklie og barneleike-figur - Klikk for stort bileteBaby/plaskebasseng med artige leike. Volda kommune

 

Opplæringsbasseng - Klikk for stort bileteReingjering av anlegget pågår. Dette er opplæringsbassenget. Volda kommune

 

Badstova med utsikt ut i symjehallen - Klikk for stort bileteBadstova med utsikt ut i symjehallen. Volda kommune

 

Kaldkulp - Klikk for stort bileteKaldkulpen. Volda kommune

 

Garderobe i delikate fargar - Klikk for stort bileteGarderobe i delikate fargar. Volda kommune

 

Marius Beck Dahle  - Klikk for stort bileteFotograf Marius Beck Dahle har sikra oss mange flotte bilete. Volda kommune

Kva tid opnar Voldabadet?

Vi siktar mot å ta over bygget 27.11.24. Då startar vi testperiode og innkjøyring av rutinar m. m. Så opninga vert truleg i januar. Før vi kan starta sal av årskort må dei tekniske løysingane på plass. Det vert arbeidd med personvern og oppsett av datasystem.

Kva inneheld Voldabadet?

  • Stort treningsbasseng
  • Opplæringsbasseng
  • Baby/plaskebasseng
  • Motstraumskanal
  • Kaldkulp
  • Badstove
  • Utandørs jacuzzi

 

Korleis er garderobene?

Det er 4 store garderober, med tilknytt lærargarderobe,. Det er to familie/HC/nøytral garderober.

Kan eg kjøpe årskort?

Ja, vi kjem til å ha dagskort, klippekort, halvårskort og årskort.

Vert det mogleg med publikumsbading i vekene, og korleis vert det på helg?

Det vert gode opningstider både laurdag og søndag, i tillegg til moglegheit for å få bade, truleg kvar vekedag.

Kva med morgonsvøm?

Du skal få stå opp i gryotta å symje to dagar i veka.

Leige:

Det er lite ledig tid for utleige, men nokre moglegheiter kan vise seg. Kontakt dagleg leiar på e-post: solveig.storeide@volda.kommune.no

Vi har ikkje landa korleis utleige av 3. etasje vert enda. Men der vert flotte lokale!

Badevakt med ny t-skjorte - Klikk for stort bileteBadevakt med ny t-skjorte med den rykande ferske logoen til Voldabadet. Volda kommune