Støttekontaktene i Volda skal tilby mellom anna sosialt samvær etter behov og følge til ulike fritidsaktivitetar.
Kva er ei støttekontakt?
Ved å vere støttekontakt er du med på å gje nokon som har behov for følgje eit fritidstilbod. Dette tilbodet skal vere basert på brukaren sine ønske, behov og føresetnader. Det er eit tiltak for personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem.
Støttekontakt er eit tiltak for å bryte sosial isolasjon og bidra til ei meiningsfull fritid.
Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.
Korleis bli støttekontakt?
Registrer deg her for å bli støttekontakt
Registrer deg som støttekontakt – skjema for utskrift (PDF, 252 kB)